Ulstein kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Ulstein kommune

Meny

Ver raus med deg sjølv og andre!

Frå venstre: leiande helsesøster Kristin Meli, leiar for frivilligsentralen Inger Anne Dimmen, folkehelsekoordinator Kristine Dale, ungdomsarbeidar og MOT-koordinator Marie Flatin, styrar i Sundgotmarka barnehage Nora Wingsternes. Fotograf

 

Vi markerer verdsdagen for psykisk helse med ei rad aktivitetar. Temaet i år er «ver raus».

Vi oppmodar alle om å vere rause i kvardagen, både med seg sjølv og andre. Å vere eit raust medmenneske handlar om å gje noko utan å forvente noko tilbake. Om å akseptere at vi er ulike og at ingen er perfekte.

 

Verdsdagen for psykisk helse

10. oktober kvart år blir verdsdagen for psykisk helse markert. Vi har alle ei psykisk helse, som vi må ta vare på på lik line med den fysiske helsa. Det å slite med psykisk uhelse i løpet av livet er noko dei aller fleste av oss vil oppleve. Då er det viktig at terskelen for å søke hjelp, og for å snakke med nokon om det som er vanskeleg, er låg.

 

Markeringar i Ulstein kommune:

  • Sundgotmarka barnehage set fokus på psykisk helse og rausheit og besøker Ulstein sjukeheim (Alvehaugen) fredag 28. september.
  • Miljøveke med tema «ver raus» på Ulsteinvik barneskule 1.–5. oktober
  • Felles markering på Ulstein Ungdomsskule 2. oktober
  • Enkel markering på Bell Ungdomsklubb 2. oktober med matservering.
  • Fagdag om psykisk helse for introdeltakarar på Reiten 3. oktober, med gratis kino kl. 13.00. Vi viser «En mann ved navn Ove» – ope for alle. 
  • Stand med utdeling av frukt, brosjyrar og quiz på Ulstein vidaregåande skule 4. oktober
  • Foredrag og enkel servering på Skollebakken Aktivitetshus kl. 14–15 den 5. oktober. Eli Leine Sæther held foredrag om psykisk helse og det å vere raus.
  • Utdeling av kaffi, quiz med premiar, kunstutstilling frå Ulstein kulturskule og litteraturutstilling ved Ulstein bibliotek 10. oktober kl. 11–15. Utstillinga blir ståande ei veke.

Flotte premiar til quiz på skulane og Ulstein bibliotek er sponsa av Ulsteinbadet, Sjøborg kino og kulturhus, Notabene, Norli, G-sport, Inter Sport, Ulstein bowling og Kaffibaren. Tusen takk!

Med desse arrangementa ynskjer vi å auke kunnskapen om psykisk helse og bidra til eit rausare lokalsamfunn. 

  

  

 
Sist endra 02.10.2018 10:32:57
Sjøgata 63
postboks 143
6067 Ulsteinvik
Epost
Telefon: 70 01 75 00
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.