Ulstein kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Ulstein kommune

Meny

Vil inkludere fleire i frivillig arbeid

Kulturkonsulent Annika Brandal, leiar for frivilligsentralen Inger Anne Dimmen og folkehelsekoordinator Kristine Dale med den nye brosjyren. Fotograf «Bli med, du også!». Det er tittelen på ein ny brosjyre vi har laga for å inkludere fleire i det frivillige arbeidet i Ulstein. 

– Ved å bli med i ein frivillig organisasjon, kan du få både gode opplevingar i kvardagen, betre helse og ein ny ven på kjøpet. Frivillig engasjement skaper god integrering og god folkehelse, seier Kristine Dale, folkehelsekoordinator i Ulstein kommune. 

 

Meiningsfull fritid

– Vi vil at alle skal ha høve til ei meiningsfull fritid. Derfor har vi laga denne brosjyren, som viser veg til det frivillige arbeidet i Ulstein, seier Kristine Dale. 

Vi har gitt ut brosjyren på fire språk, for å nå breitt ut. Han rettar seg spesielt til deg som er ny i kommunen. Brosjyren gir svar på spørsmål som: 

  • Kva typar frivillige lag og organisasjonar har vi i Ulstein?
  • Kva inneber det å vere medlem i ein av dei?
  • Kven kan eg kontakt for å få vite meir? 

 

Hent brosjyren eller last ned

Du kan hente brosjyren på Ulstein bibliotek, helsestasjonen på Reiten, på skulane våre m.m., eller du kan laste han ned her.

Klikk her for å velje kva språkversjon du vil laste ned


  
  
Sist endra 17.09.2018 09:01:12
Sjøgata 63
postboks 143
6067 Ulsteinvik
Epost
Telefon: 70 01 75 00
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.