Ulstein kommune
 
 
 
Sjå heile menyen

Ulstein kommune

Meny

Gratis HPV-vaksine

HPV-vaksine Fotograf

Tilbod til kvinner fødd 1991 og seinare

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet vert i november 2016. Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebygge livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft som fylgje av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, medan nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein to-årsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

Ved Ulstein helsestasjon er det fortløpande vaksinering.  Ta kontakt med helsestasjonen på tlf. 70 01 78 80 for timebestilling.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine

 

Sist endra 03.02.2017 11:49:20
Sjøgata 63
postboks 143
6067 Ulsteinvik
Epost
Telefon: 70 01 75 00
Du ser på en mobiltilpasset utgave av nettstedet.
Trykk her for å gå til den vanlige nettsiden.